Kraken ynskjer å eksistera som eit alternativ til eit studentgalleri, og skal ha sitt fyrste arrangement på Bergen Assembly 10. desember 2021.

Foreløbig er me i planeggingsfasen, og i november og desember skal me bruka Joy Forum som hovudkvarter i ein intensiv planleggingsperiode. Tida i Joy Forum skal brukast til å
legga planar for neste semester, invitera inn folk me ynskjer å samarbeida med og til å arrangera lavterskelsarrangement på KMD.

Me skal også laga ei fanzina, med eit nummer for kvart arrangement, og ser for oss å starta arbeidet med denne når me er i Joy Forum.

Det viktigaste for oss er å skapa eit inkluderande og tilgjengeleg miljø. Det skal vera lett å vera med, sjølv om ein ikkje driv med kunst eller er innvia i det gode selskap. Difor tenkjer me også å arbeida tverrfageleg, og å invitera inn spanande og flinke folk til å samarbeida med.